Jordalen kapell ligg på Øyane i Jordalen nordaust i Voss herad i Vestland, og er eit vigsla rom i sokkeletasjen i Jordalen skule. Kapellet vart vigsla til kyrkjeleg bruk i 1977, og vert drive av bygdefolket i Jordalen. Før den noverande skulen vart bygd i 1977, var gamleskulen kapellvigsla.
Jordalen høyrer til Oppheim sokn i Hardanger og Voss prosti. Før dei fekk eige kapell reiste folk i Jordalen til Oppheim kyrkje.
Inventar Altarskåpet er frå 2002 og er laga av elevar ved Jordalen skulen og treskjerar Sjur Mørkeve. Døypefonten er laga i tre og er frå kring 1900.
Gravplass Gravplassen i Jordalen ligg nokre hundre meter sørvest for skulen, på hi sida av Jordalselvi. På gravplassen er det eit lite bårehus/gravkapell.
Fotnotar
Bakgrunnsstoff Om Oppheim sokn på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Nettstaden til DIS-Norge: Oversikt over gravminne på Jordalen gravplass Skanna kyrkjebøker frå Hordaland på nettstaden til Arkivverket
Kategori:Kyrkjer i Voss Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Norske kyrkjer frå 1977