Øystein Rottem () var ein norsk professor og litteraturkritikar med Knut Hamsun, kulturradikalismen og norsk etterkrigstid som spesialfelt.
Han arbeidde i fleire år (1976-1984) ved Universitetet i Tromsø, var tilsett som universitetslektor i norsk ved Københavns universitet i perioden 1985–1991, og var gjesteprofessor ved universitetet i Wien frå 1991 til 1992. Dei siste åra dreiv Rottem ei omfattande pedagogisk og litterær verksemd, som hovudbokmeldar for ny norsk skjønnlitteratur i Dagbladet.
Dei tre binda med etterkrigslitteratur i Norges litteraturhistorie (1995–1998) må reknast som hovudverket til Rottem, men han har også skrive biografiar om Knut Hamsun og Sigurd Hoel.
Øystein Rottem døydde av kreft 5. desember 2004 i København, der han hadde budd med familien sin sidan 1985.
Prisar og utmerkingar I 1999 vart han kåra til Årets litteraturkritikar av Norsk kritikerlag. Han vart utnemnd til statsstipendiat i 2004, men døydde før stipendiatet vart gjeldande.
Kjelder
Bakgrunnsstoff «En begeistret kritiker», nekrolog i Dagbladet.
Kategori:Norske litteraturprofessorar Kategori:Norske litteraturhistorikarar og kritikarar Kategori:Folk frå Snillfjord