__NOTOC__ Kvalfuglar, Pachyptila, er ei biologisk slekt i familien eigentlege stormfuglar (Procellariidae) som førekjem i Sørishavet. Mange, som til dømes Store Norske Leksikon reknar også blåpetrell i slekta Halobuena som ein kvalfugl.

mini|venstre|Breinebbkvalfugl, Pachyptila vittata Utsjånad Kvalfuglane er av dei minste artane i stormfuglfamilien med 25-28 centimeter i lengd, vengspenn på 41-46 centimeter og 125–200 gram i kroppsvekt.Kerry-Jayne Wilson (2007). 'Petrels', Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updaterad 21-Sep-2007, Prions, gadfly, storm and diving petrels, läst 2007-11-10 Ulikskapane mellom artane ser ein mest i den strukturelle oppbygginga av nebbet. Tre av artane har breie, flate nebb med tagga lameller for å filtrere dyreplankton, unikt blant fuglar. Dei andre artane har meir spisse, rette nebb.Nationalencyklopedin valfuglar (Pachyptila) lest 2007-11-10 Det er stor likskap i fjørdrakta mellom alle artane under flyging og kvalfuglar er derfor vanskelege å identifisere på avstand. Dei er blågråe på oversida med svarte smådekkarar og lys underside. Føter og nebb er blålege. Oversida har ein godt synleg mørk 'M'-forma figur over venger og rygg. Dei har eit mørkt haleband på enden av halen, hos blåpetrell er bandet kvitt. Kjønna har lik fjørdrakt.

Fjørdrakta har liknande reflekterande eigenskapar som havoverflata, det gjer at dei synast å vekselvis forsvinne og dukke opp att når dei flyg lågt over bølgjetoppane.

Artsliste (Blåpetrell, Halobaena caerulea) Pachyptila Breinebbkvalfugl, Pachyptila vittata Marionkvalfugl, Pachyptila salvini Antarktiskvalfugl, Pachyptila desolata Smalnebbkvalfugl, Pachyptila belcheri Tjukknebbkvalfugl, Pachyptila crassirostris Alvekvalfugl, Pachyptila turtur

Åtferd og diett Kvalfuglane er pelagiske og opptrer i flokkar til havs. Dei lever av ulike former av planktonliknande krepsdyr som hoppekreps, muslingkreps (Ostracoda), tifotkreps, krill og jamvel enkelte fiskeartar i familiane Nototheniidae og Myctophidae, lanternefiskar. Alle artane tar føde enten når dei ligg på havoverflata eller ved å flyge lågt over vatnet. Artane som har breie nebb med lamellar silar havvatnet etter føda likt ein bardekval. Dei andre artane plukkar føda ut av vatnet. Kvalfuglane er kolonirugarar på subantarktiske øyar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Valfåglar» frå , den 16. august 2009 Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)

Fotnotar

Kategori:Stormfuglfamilien Kategori:Fugleslekter