mini|Mårdalen i Fana Mårdalen er ein blindveg i Fana i Bergen. Han går sørvestover frå Lille Skjolddalen. Han er om lag 500 meter lang og går gjennom eit område med fleire bustadblokker. Skjold borettslag ligg i Mårdalen. I eine enden av vegen går det gang- og sykkelveg til Dyrhaugen.
Namnet vart vedteke i 1958 og som fleire andre vegar i området har han dyrenamn.
Knutepunkt Lille Skjolddalen Arm vestover (150 m) Arm søraustover (100 m) Arm søraustover (80 m) Dyrhaugen Arm vestover (80 m) Arm nordvestover (80 m) Endepunkt (Skjold borettslag)
Kjelder
Kategori:Vegar i Fana