Jo er eit personnamn som kan brukast av menn og kvinner. Det har namnedag den 29. august.

Jo kan vera ei kortform av alle namn som byrjar med Jo-. I nordisk samanheng er det særleg knytt til Joakim og Johannes, i engelsk mykje knytt til Joan, Joanna og Josephine.

Bruk I Noreg er Jo mest brukt som mannsnamn. Namnet var særleg populært frå rundt 1965 til 1970. I 2009 var det 2 076 norske menn som heitte Jo, og 12 kvinner.

I USA var Jo mykje brukt som jentenamn for barn fødde frå 1930-talet til 1950-talet.

Namneberarar

Kvinner Jo van Ammers-Küller (1884–1966), nederlandsk forfattar, døypt Johanna Jo Giæver Tenfjord (1918–2007), norsk forfattar

Menn Jo Gjende, (1794–1884), norsk storskyttar og fjellmann, døypt Jo Tjøstolvsson Kleppe Jo Visdal (1861–1923), norsk bilethoggar Jo Benkow (f. 1924), norsk politikar, opphavleg Josef Elias Jo Ørjasæter (1925 - 2006), norsk journalist Jo Stang (1936–1998), norsk kunstnar døypt Johan Otto Jo Hov (f. 1941), norsk jurist Jo Eggen (f. 1952), norsk forfattar Jo Nesbø (f. 1960), norsk musikar og forfattar Jo Strømgren (f. 1970), norsk dansar

Sjå òg Jô, brasiliansk fotballspelar Joe

Kjelder norskenavn.no (gutenamn) og norskenavn.no (jentenamn)

Kategori:Mannsnamn Kategori:Kvinnenamn Kategori:Tvikjønna namn Kategori:Kortnamn Kategori:Tobokstavsord