«The Little Girl I Once Knew» er ein song skriven av Brian Wilson for det amerikanske popbandet The Beach Boys. Han vart gjeven ut på singel i november 1965 med «There's No Other (Like My Baby)» som B-side. SOngen nådde 20. plass på den amerikanske singellista. Det var den siste originale songen bandet spelte inn før albumet Pet Sounds, og finst ikkje på noko studioalbum av bandet, men har sidan dukka opp på fleire samleplater og som bonusspor på albumet Summer Days (and Summer Nights!!).

Songen er kjend for ein innovativ bruk av to dramatiske periodar med nesten stillheit som varer fleire sekund kvar. Sjølv om det var ein av Beach Boys sine mest livsglade songar vart han ikkje så mykje spelt på radio, sidan radiostasjonar prøvde å unngå slike periodar med stillheit. Kanskje var dette årsaka til at han ikkje nådde like høgt som andre Beach Boys-singlar frå denne perioden som «California Girls» og «Barbara Ann».

Capitol Records gav òg like etter ut «Barbara Ann» i desember og tok marknaden bort frå «The Little Girl I Once Knew».

Kjelder Denne artikkelen bygger på «The Little Girl I Once Knew» frå , den 30. august 2009.

Kategori:The Beach Boys-songar Kategori:Singlar frå 1965 Kategori:Songar frå 1965 Kategori:Songar skrivne av Brian Wilson