Donald Kent «Deke» Slayton () var ein av «Mercury Seven»-astronautane som vart plukka ut av NASA i 1959 til det amerikanske Mercury-programmet. Han fekk aldri fly ei romferd under programmet, ettersom han vart sett på bakken på grunn av ei hjarteliding. Slayton vart istaden ansvarleg for all mannskapstildeling ved NASA frå november 1963 og fram til mars 1972, då han vart ein del av Apollo-Soyuz Test Project. Han hadde då fått medisinsk tillating til å fly som pilot i dette prosjektet. Då han endeleg flaug i verdsrommet, var han den eldste som til då hadde vore i rommet.

Romferder Apollo-Soyuz Test Project - Første romferd i samarbeid mellom Sovjetunionen og USA.

Bilete

Bakgrunnsstoff NASA Biography Deke Slayton Museum Deke Slayton Airfest

Kategori:Romfararar frå USA Kategori:Folk frå Wisconsin