mini|Siw Malmkvist ved Melodifestivalen 1961. Siv, Siw eller Sif er eit nordisk kvinnenamn av norrønt opphav. Tydinga av namnet kan vera 'brur, kone' eller 'slektskap'. Det er særleg kjend frå den norrøne gudinna Siv, kona til Tor.
Siv har norsk og tidlegare svensk namnedag den 6. september; i dag er den svenske namnedagen den 8. mars.
Bruk Namnet var særs mykje brukt i Noreg på 1960-talet, då bruken nådde 1,0 %.
I Sverige hadde namnet ei stordomstid på 1930- og 1940-talet, før bruken gjekk kraftig ned.
upright|mini|Politikaren Siv Jensen. Namneberarar Siv Ericks (1918–2005), svensk skodespelar Siv Matilda D. Thulin (1922–1966), svensk skodespelar Siv Widerberg (f. 1931), svensk forfattar Siw Gunnel Margareta Malmkvist (f. 1936), svensk skodespelar og songar Siv Nordrum (f. 1958), norsk journalist og politikar Siw Anita Andersen (f. 1966), norsk skodespelar Siv Jensen (f. 1969), norsk stortingspolitikar og partileiar
Kjelder
«sif» i J.Fritzners ordbok
Kategori:Kvinnenamn Kategori:Førenamn av norrønt opphav Kategori:Namn knytte til gudar Kategori:Namn knytte til åsatru