er eit eventyr/gåtespel utvikla og publisert av Capcom for spelkonsollen Wii. Det vart gjeve ut i Nord-Amerika og Japan i oktober 2007, og i Europa, Australia og Sør-Korea året etter. Spelet handlar om piraten Zack og makkeren hans; Wiki, som er på leiting etter skattar i ei eventyrverd. Ein kontrollerer spelet berre ved hjelp av Wii-fjernkontrollen.
Oppsett Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure er presentert som eit tredjepersons eventyrspel der ein kontrollerer Zack ved hjelp av Wii-fjernkontrollen. Spelaren kan peike på ulike objekt i spelet via ein markør for å få Zack til å saumfara desse, eller for å flytte på seg. Zack kan skapa fiendar i spelet om til nyttige objekt ved å skaka makkeren Wiki som ei bjølle. Når spelaren får Zack til å bruka eit verktøy, skiftar spelet om til eit perspektiv i førsteperson, og spelaren må apa etter operasjonen som blir gjort i spelet ved hjelp av Wii-fjernkontrollen for å få framsteg. Når ein til dømes skal saga ned eit tre, må ein flytta Wii-fjernkontrollen fram og attende for å saga i spelet. Om ein greier ei utfordring blir ein lønna med poeng, der mengda poeng avhenger av kor bra ein gjorde det, kor mange forsøk som vart brukte, og vanskegraden på utfordringa.
Kjelder
Bakgrunnsstoff Offisiell heimeside Zack & Wiki: Quest for Barbaros' Treasure på Nintendo.no
Kategori:Dataspel frå 2007 Kategori:Capcom-spel Kategori:Eventyrspel Kategori:Hjernetrimspel Kategori:Dataspel med cel-shading-grafikk Kategori:Wii-spel