Odda kyrkje står i Odda sentrum i Ullensvang kommune i Vestland fylke og er ei langkyrkje bygd i tre i 1870. Ho står på odden mellom utlaupet til elva Opo og inste delen av Sørfjorden og er soknekyrkje i Odda sokn i Hardanger og Voss prosti i Den norske kyrkja.

Kyrkja er teikna av C. Erichsen. Han hadde også teikna Øystese kyrkje som stod ferdig i 1868, og teikningane til Odda-kyrkja byggjer på Øystese kyrkje, men medan Øystese-kyrkja vart bygd med 500 sitjeplassar fekk kyrkja i Odda 560. Bygginga starta 17. mai 1870 og kyrkja vart vigsla av Bjørgvin-bispen Peter Hersleb Graah Birkeland 4. november same året. Byggmeister var, som for Øystese kyrkje, Askjel Aase frå Lindås.

Den førre kyrkja i Odda Den førre Odda-kyrkja var ei steinkyrkje frå mellomalderen. Ho var vorten for lita og vart difor riven på våren i 1870 før bygginga av den noverande kyrkja starta. Gamlekyrkja stod litt nordom dagens kyrkje, men dei reiv henne før dei starta bygginga av den nye kyrkja fordi dei ville nytte steinen oppatt i grunnmuren. Det vart ikkje gjort noko slags arkeologiske undersøkingar av grunnen ved rivinga, og kistene som låg under golvet vart knuste og hatt saman i ei grav på kyrkjegarden. I tida dei stod utan kyrkje brukte soknet skulen i Odda som interimkyrkje i tillegg til at dei hadde fått løyve til å nytte Ullensvang kyrkje på Lofthus kvar sjette sundag.

thumb|left|300px|Odda kyrkje - interiør

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Om Odda kyrkjelyd på nettstaden til Den norske kyrkja Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser – på nettstaden til Digitalarkivet/Universitetet i Bergen «Kirkebøker, Hordaland» på nettstaden til Arkivverket Skanna kyrkjebøker for Hordaland på nettstaden til Arkivverket Oversyn over gravminne i Odda kommune på nettstadent disnorge.no Eldre fotografi av kyrkja på nettstaden til Nasjonalbiblioteket Fotografi som viser gamlekyrkja – teke av Knud Knudsen i 1863.

Kategori:Kyrkjer i Hardanger og Voss prosti Kategori:Kyrkjer i Ullensvang Kategori:Langkyrkjer i Bjørgvin Kategori:Norske kyrkjer frå 1870-åra Kategori:Kulturminne i Ullensvang Kategori:1870 i Noreg Kategori:Odda