Hop ungdomsskole er ein ungdomsskule på Hop i Fana bydel i Bergen kommune. Han ligg i Kloppedalsvegen.
Skulen vart bygd i 1959 og vart teikna av arkitekt Øystein Nestaas. Fram til ungdomsskulen vart innført i Bergen i 1970 var han ein framhaldsskule. Skulen får elevar frå barneskulane Paradis, Kringlebotn, Midtun, Riple og Samdal.
Skulen har 500-550 elevar. Hop ungdomsskole fekk ny basketball-hall i 2012.
Kjelder
Delar av denne artikkelen bygger på «Hop ungdomsskole» frå , den 8. september 2009.
Bakgrunnsstoff Heimeside
Kategori:Skular i Fana Kategori:Ungdomsskular i Bergen Kategori:Utdanningsinstitusjonar skipa i 1959 Kategori:1959 i Noreg