DS «Felix Scheder» var ein tysk forpostbåt som vart senka i Åramsundet i Sande kommune på Sunnmøre i 1944.
D/S «Felix Scheder» vart opphavleg bygd som ei kvalfangstskute i 1941 på Nylands mekaniske verksted i Oslo. Etterkvart vart han sett inn i teneste som forpostbåt (tysk. Vorpostboot), først i flotiljen V-5502, deretter V-5307. 12. september 1944 vart DS «Felix Scheder» seinka av Barracuda-fly frå RAF skvadron 827 i Åramsundet mellom Åram og Voksa i Sande kommune på Sunnmøre. 22 personar omkom.
Vraket vart oppdaga på ca. 30 meters djup av Reidar Stridh i 1985 og har vorte eit populært mål for dykkarar. Området rundt vraket har vore reinska for miner og bomber fleire gongar, og så seint som hausten 2004 vart det funne ei søkkemine.
Bakgrunnsstoff Fakta om D/S «Felix Scheder» og vraket Funnet av D/S «Felix Scheder»
Felix Scheder Felix Scheder Felix Scheder Kategori:Skip frå 1941 Kategori:Forlis i 1944 Kategori:Kvalbåtar