Shang, tidlegare også kjend som Yin-dynastiet, var eit dynasti i Kina under bronsealderen på 1000-talet f.Kr. Det er tradisjonelt tidfest til å ha vart frå 1760 eller rundt 1600 f.Kr. til 1122/1027 f.Kr. Det herska over den nedre elvedalen til Huangelva.
mini|venstre|Ding, bronsekar frå sein Shang. Dynastiet etterfølgde det halvmytiske Xia-dynastiet og blei etterfølgd av Zhou-dynastiet. Shang er det første kinesiske dynastiet ein har historiske kjelder frå. Den første hovudstaden til dynastiet heitte Bo eller Xibo (Vestre Bo). Den siste hovudstaden til Shang låg nær byen Anyang i Henan. Han blei funnen att i 1899 og graven ut i perioden 1928–1937.
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Kategori:Kinesiske dynasti
Kategori:Historia til Henan Kategori:Anyang