Beihai (eller Pakhoi) er ein kinesisk hamneby og byprefektur i den autonome regionen Guangxi i Sør-Kina ved Kinas kyst mot Tonkinbukta og grensar mot Vietnam. Folketalet vart i 2004 berekna til 1,45 millionar.
Byen er ein viktig fiske- og handelshamn ved Tonkinbukta. Den vart opna for investeringar og handel frå utlandet i 1984 og har ein stor verftsindustri, matvareindustri og alskens produksjon av utstyr for sjøfarten. Kinas viktigaste perlebankar er i dette området. Byen har fått rykte på seg for å vera tilhaldsstad for sjørøvarar.
Etter at den sino-britiske Chefookonvensjonen vart underteikna i 1876 etablerte åtte vestlege statar (Storbritannia, USA, Tyskland, Austerrike-Ungarn, Frankrike, Italia, Portugal og Belgia) seg i byen med konsulat, hospital, kyrkjer, skolar og tollhus. Det står (2008)) framleis femten av desse vestlege bygningane i Beihai.
Kinesiske styresmakter definerte byen som stad for internasjonal turisme i 1982.
Administrasjon
Byprefekturet Beihai består av tre distrikt og eitt fylke:
Haicheng distrikt Yinhai distrikt Tieshangang distrikt Hepu fylke
Kategori:Byar i Guangxi Kategori:Byprefektur i Guangxi