Dongguan er eit byprefektur i provinsen Guangdong i Folkerepublikken Kina. Byen ligg på kysten mot Sørkinahavet.

Byen ligg nær Shenzhen og Hongkong og tar del i den sterke økonomiske veksten i området rundt Perlefloda.

Namnet Dongguan kjem frå «guancao», eit grasslag som det er mykje av i området. Historia til Dongguan går tilbake til Zhide-styret under Tang-dynastiet (757). Her står det meir enn tusen år gamle Xichen-tårnet, og her er Ke-hagen som er ein av dei fire vidgjetne hagane i Guangdong-provinsen. Dongguan har og sjøfartsmuseum, Weiyuan-batteriet, og Humenbrua over Perlefloda. Det var ved Humen at keisaren sin kommissær Lin Zexiu brann konfiskert opium i 1839, ei hending som utløyste første opiumskrig.

Næringsliv thumb|left|250px|Kart over Perlefloddeltaet, Dongguan i aust. Dongguan er prega av lettindustri. Dei mange fabrikkane gjer at byprefekturet vert sett som det mest produktive i Kina. Det vert framfor alt produsert elektrisk utstyr, farmasøytiske produkt, matvarer, tekstilar og sko. Dongguan har kring 2000 skofabrikkar; i dei fire produksjonssentera til den største skoprodusenten, Pou Chen, arbeider kring 160 000 arbeidarar (2007). Dongguan har også stor dataindustri.

Ut over dette er området rikt på wolfram, tinn og kopar.

Administrative eningar Byprefekturet Dongguan er administrativt oppstykka litt annleis enn systemet elles er i Folkerepublikken. Delar av prefekturet femner tre distrikt:

Dongcheng (东城区) Wanjiang (万江区) Nancheng (南城区)

Men byprefekturet styrer også 25 storkommunar som ikkje er organisert i distrikt eller fylke. Dei storkommunane som ligg rett under byprefekturet er: Mayong (麻涌镇) Shilong (石龙镇) Humen (虎门镇) Daojiao (道滘镇) Shijie (石碣镇) Hongmei (洪梅镇) Liaobu (寮步镇) Dalingshan (大岭山镇) Dalang (大朗镇) Huangjiang (黄江镇) Zhangmutou (樟木头镇) Fenggang (凤岗镇) Tangxia (塘厦镇) Qingxi (清溪镇) Changping (常平镇) Qiaotou (桥头镇) Hengli (横沥镇) Dongkeng (东坑镇) Qishi (企石镇) Shipai (石排镇) Chashan (茶山镇) Chang'an (长安镇) Gaobu (高埗镇) Shatian (沙田镇) Wangniudun (望牛墩镇) Xiegang (谢岗镇) Zhongtang (中堂镇) Houjie (厚街镇)

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Dongguan» frå , den 17. september 2009.

Kategori:Byprefektur i Guangdong Kategori:Byar i Guangdong