Robert Penn Warren () var ein amerikansk forfattar, lyrikar og litteraturkritikar frå Guthrie, Kentucky. Han har mottatt tre Pulitzerpriser: i 1947 for romanen All the king's men og lyrikkprisen i 1957 og 1979. Han er den einaste som har vunne Pulitzerprisen for prosa og lyrikk.

All the king's men var basert på politikaren Huey Long, som blant anna var guvernør i Louisiana og senator. Romanen følgjer politikaren «Willie Stark» gjennom journalisten «Jack Burden». Boka vart filma i 1949, og vann Oscar for beste film. Boka vart også filma i 2006.

Denne artikkelen bygger på «Robert Penn Warren» frå , den 19. september 2009.

Kategori:USA-amerikanske forfattarar Kategori:Pulitzerpris-vinnarar Kategori:Folk frå Kentucky