Smaadal eller Smaadalen er ein liten gard i Fana i Bergen kommune. Garden ligg på nordaustsida av Kalandsvatnet, aust for Sineset.
Garden høyrte til Lyseklostergodset før brukarane sjølv tok over garden frå 1873.
Geografi Smaadalen ligg på nordaustsida av Kalandsvatnet, mellom Sineset i aust og Søranest i vest. Kalandsdalen med Bontveitvegen ligg like aust for Smådalen. Garden strekkjer seg i fjellsida oppover mot toppen av Vardafjellet.
Smaadal grensar til Hedno i nord, Sandven|Nedre Sandven] i vest, Kismul i sør (grensa går midt i Kalandsvatnet), Kaland i aust og Almeland i nordaust.
Kjelder
Bergenskart
Kategori:Gardar i Fana