Alicante (valenciansk Alacant) er ein provins aust i Spania i den sørlege delen av Regionen Valencia. Han grensar til provinsane Murcia i sørvest, Albacete i vest, Valencia i nord og Middelhavet i aust. Provinsen er kalla opp etter hovudstaden, byen Alicante.

I 2008 var Alicante den fjerde mest folkerike provinsen i Spania med nesten 1,9 millionar innbyggjarar. Av byar med meir enn 50 000 innbyggjarar finn ein Alicante (331 750 innbyggjarar), Elche (228 348), Torrevieja (101 381), Orihuela (84 626), Benidorm (70 280), Alcoy (61 698), Elda (55, 74) og San Vicente del Raspeig (51 507).Relación de unidades poblacionales Instituto Nacional de Estadística

Alicante har flest utlendingar i forhold til folketalet enn nokon andre av dei spanske provinsane. Utlendingane utgjer 23,6 % av det totale folketalet.Uno de cada cuatro vecinos es extranjero en el 40% de los municipios alicantinos May 16, 2009. Diario Información Av 141 kommunar i provinsen er finst det 25 % utlendingar i 54 av dei, og over 50 % i 19 kommunar.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Alicante (province)» frå , den 2. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:

Bakgrunnsstoff

Kategori:Regionen Valencia Alicante