Pic Sans Nom på 3913 meter er eit fjell i Massif des Écrins i dei franske Alpane. Det ligg om lag midt i det bratte fjellmassivet som strekker seg frå sørvest for Mont Pelvoux til Ailefroide.

Fjellet har lange ryggar med bratte avgrunnar mot nord som botnar i Glacier Noir. Skråningane mot sør, med dei einaste og rimeleg greie topprutene, går ned mot dei to brearmane Glacier du Coup de Sabre og Glacier de Sialouze. Pic du Coup de Sabre (3699 m) sørvest for fjellet vert rekna som ein del av Pic Sans Nom.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Pic Sans Nom» frå , den 4. oktober 2009.

Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Frankrike