Äbeni Flue (òg Ebnefluh) er eit 3 962 m høgt fjell i Bern-Alpane i Sveits. Grensa mellom kantonane Bern og Valais går over fjelltoppen.

Geografi Äbeni Flue dannar ein brei bergtopp, som mot nord fell med vekselvis steile bergveggar og isbrear over 2500 meter ned i Lauterbrunnental. Sørhenget er mykje bredekt og går slakt over i Aletschgletscher. Mot aust fører ei egg til Gletscherhorn, frå denne toppen går ei egg vidare til Jungfrau lenger nord. Sørvestover fører ei egg til Mittaghorn, Grosshorn og Breithorn. Mot sør, over Grosser Aletschfirn, ragar Aletschhorn med sin høge, breie nordvegg.

Klatresoge Äbeni Flue vart klatra fyrste gongen den 27. august 1868 av Thomas L. M. Browne saman med Peter Bohren og Peter Schlegel. Dei fylgde det som i dag gjeld for normalvegen.

mini|left|250px|Gletscherhorn (i midten), Äbeni Flue (til høgre). Bakom kneisar Aletschhorn. Normalvegen går over sørvestsida og søraustegga til topps. Utgangspunkt for ein topptur kan vere frå både Lötschenhütte Holandia eller Konkordiahütte. Om vinteren vert desse rutene ofte nytta av skigåarar, bergklivarar som tek turen til topps.

Nordveggen på Äbeni Flue er ein klassisk isvegg, og vert klatra relativt ofte. Han er i kring 900 meter høg, og har ein hellingsgrad på kring 50–55°. Veggen vert, trass i sine mange breglepper, rekna for å vere ganske trygg.

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Äbeni Flue» frå , den 9. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff The Ebnefluh på SummitPost

Kategori:Bern-Alpane Kategori:Fjell i Sveits Kategori:Fjell i Alpane Kategori:Fjell i Bern Kategori:Fjell i Valais