thumb|Trykk-volum-diagram for Seiliger-Sabathé-syklusen. Seiliger-Sabathé-syklusen er ein termodynamisk syklus der forbrenninga foregår som ein kombinasjon av ein isometrisk prosess og ein isobar prosess. Seiliger-Sabathé-syklusen kan difor sjåast på som ein mellomting mellom Beau de Rochas-syklusen, der forbrenninga føregår som ein isometrisk prosess, og dieselsyklusen, der forbrenninga føregår som ein isobar prosess. Prosessen vart føreslegen av Myron Seiliger i 1922 og Sabathé.

Praktiske diesel og glødehovudmotorar arbeider etter Seiliger-Sabathé-syklusen.

Prosessar i syklusen Seiliger-Sabathé-syklusen har fem delprosessar: (1–2) isentrop prosess - kompressjon av luft-gassblandinga (mekanisk energi vert tilført). (2–3) isometrisk prosess - termisk energi vert tilført frå forbrenning av drivstoff, under konstant volum, og trykket i sylinderen aukar. (3–4) isobar prosess - termisk energi vert tilført frå forbrenning av drivstoff, under konstant trykk, trykket set stempet i rørsle og energi vert levert til omgjevnadane i form av mekanisk arbeid. (4–5) isometrisk prosess - trykket held fram med å driva stempet framover i sylinderen og energi vert levert til omgjevnadane i form av mekanisk arbeid. (5–1) isentrop prosess - trykkfall, under konstant volum, når eksosen vert sleppt at av sylinderen.

Sjå òg Beau de Rochas-syklusen Dieselsyklusen

Kjelder

Kategori:Termodynamiske syklusar