Carl and the Passions - «So Tough» er det 18. studioalbumet til The Beach Boys, og kom ut i 1972. Det kom ut som eit dobbeltalbum i lag med Pet Sounds. Carl and the Passions - "So Tough" var eit overgangsalbum der eit medlem slutta og to nye kom inn. Musikken var derfor inkonsistent og bleikna ved sidan av klassikaren frå 1966. Tittelen på albumet var ein referanse til eit band Carl Wilson hadde spelt i som tenåring (enkelte meiner det kan ha vore eit tidleg namn på the Beach Boys). Det var òg det første albumet deira som vart gjeven ut med ein platekontrakt hos Warner Bros. som gjorde at selskapet kunne distribuere alle framtidige Beach Boys-produkt i utlandet i tillegg til heimemarknaden.

I 1971 valde Carl Wilson (som no var leiaren i gruppa) å endre strukturen i The Beach Boys med å ta inn ein tredje gitarist, Blondie Chaplin. Med den soul-aktige vokalen sin gav han bandet eit sterkt R&B-element. I lag med han kom trommeslagar Ricky Fataar etter at Dennis Wilson hadde hatt ei ulukke som gjorde at han mista krafta i handa. Begge hadde tidlegare spelt i det britiske bandet The Flame.

Ikkje lenger etter innspelinga kom i gang, slutta Bruce Johnston etter at han hadde vorte uvener med manageren Jack Rieley.

Brian Wilson medverka på to songar og song korvokal på «Cuddle Up», «He Come Down», «Marcella» og «You Need A Mess Of Help To Stand Alone».

Dei forskjellige stilartane på albumet gjorde at det ikkje vart særleg godt motteke og nådde berre 50. plass i USA og 25. plass i Storbritannia, samt at det fekk dårleg kritikk. Kritikken har derimot vorte noko betre med åra.

Innhald

Medverkande Per Scott McCaughey og CD-omslag frå 2000, utanom der anna er nemnt.

The Beach Boys Blondie Chaplin – vokal Ricky Fataar – vokal; trommer; slidegitar; produksjon på «Here She Comes» og «Hold On Dear Brother» Al Jardine – vokal; produksjon på «He Come Down» og «All This Is That» Mike Love – vokal Brian Wilson – vokal; produksjon på «You Need a Mess of Help to Stand Alone» Carl Wilson – vokal; gitar; bass; klaverinstrument; produksjon på «He Come Down,» «Marcella,» og «All This Is That» Dennis Wilson – vokal; produksjon på «Make It Good» og «Cuddle Up» Studiomusikarar og produksjon Stephen Moffitt – lydteknikar Ed Thrasher – kunstnarisk leiar David Willardson – plateomslag Daryl Dragon – Hammondorgel, spikerpiano, kanebjølle, slidegitar, fele, zither

Salslister Album ÅrListePlassering 1972 1972 US Billboard 200 Albums Chart50

Singlar i USA ÅrSingelListePlassering 1972 «Marcella» US Billboard Singles Chart110

Salslister frå Allmusic og andre musikkdatabasar. Kjelder Denne artikkelen bygger på «Carl and the Passions - "So Tough"» frå , den 13. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:

Carl and the Passions - "So Tough"/Holland CD-hefte, Elton John og Scott McCaughey, c.2000. "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994. "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991. Allmusic.com

Bakgrunnsstoff Tekstane til Carl and the Passions - "So Tough"

Kategori:The Beach Boys-album Kategori:Musikkalbum frå 1972