er eit plattformspel utvikla og publisert av Nintendo for Famicom Disk System. Det vart først gjeve ut i Japan den 3. juni 1986, og er oppfølgjaren til Super Mario Bros.. Originalversonen av spelet vart ikkje gjeve ut i Europa, men ei omlaging vart gjeven ut i samlepakken Super Mario All-Stars for Super Nintendo Entertainment System i 1993. The Lost Levels er også tilgjengeleg som digital nedlasting på Virtual Console for Wii.

Oppsett I Super Mario Bros.: The Lost Levels styrer spelaren Mario eller Luigi etter eit val på tittelskjermen. Spelet har ingen modus for fleirspel. Mario og Luigi har ulike eigenskapar i spelet; Mario har best fotfeste medan Luigi hoppar høgast.

Spelet har mange fellestrekk med Super Mario Bros.. Målet er framleis å kome seg gjennom åtte verder med fire nivå kvar for å berge prinsessa. Nivåa skal vere meir utfordrande enn i føregangaren.

Det er ingen nye fiendar i spelet, men nokre av dei ter seg annleis enn før; landfiendar kan no bli funne i nivå under vatn, medan vassfiendar kan bli fune flygande i bakkenivå.

Referansar

Bakgrunnsstoff Super Mario Bros.: The Lost Levels hjå Nintendo.no

Kategori:Dataspel frå 1986 Kategori:Plattformspel Kategori:Super Mario Kategori:Nintendo Entertainment Analysis and Development-spel Kategori:Famicom Disk System-spel Kategori:Game Boy Advance-spel Kategori:Virtual Console-spel