Santa Cruz de Tenerife (ofte berre kalla Santa Cruz) er hovudstaden (i lag med Las Palmas) og den nest største byen på Kanariøyane og den 21. største byen i Spania. Han har kring 220 000 innbytggjarar. Storbyområdet har kring 400 000-600 000 innbyggjarar, avhengig av kvar kjelder ein ser på. Santa Cruz er den nest største byen i Den europeiske unionen som ikkje ligg i Europa. Santa Cruz de Tenerife er òg hovudstad på øya Tenerife (den mest folkerike øya i Spania) og provinshovudstad i provinsen Santa Cruz de Tenerife. Han ligg nordaust på Tenerife, om lag 210 kilometer utanfor nordvestkysten av Afrika i Atlanterhavet. Mellom 1833 og 1927 var Santa Cruz de Tenerife aleine hovudstad på Kanariøyane, før denne rolla i 1927 vart delt slik som i dag.Real Decreto de 30 de noviembre de 1833 en wikisourceReal Decreto de 30 de noviembre de 1833 en el sitio web oficial del Gobierno de Canarias I perioden som einaste hovudstad var byen det kulturelle, politiske og økonomiske senteret på Kanariøyane. Santa Cruz er den travlaste hamnebyen på Kanariøyane og er ein av dei store hamnebyane ved Atlanterhavet med mykje cruiseanløp. Byane Santa Cruz og San Cristóbal de La Laguna har vokse saman og har til saman kring 380 000 innbyggjarar. Dette gjer dei til det største byområde på Kanariøyane (når ein ikkje ser på kommunegrenser).http://www.webtenerife.com/PortalTenerife/Home/Disfruta+sin+perderte+nada/Informacion+practica/Antes+de+viajar/Zonas+turisticas/SANTA+CRUZ-LA+LAGUNA.htm Santa Cruz-La LagunaLa sala de máquinas del nuevo Santa Cruz
mini|venstre|Auditorio de Tenerife (Kongress- og konsertsal)
I byen ligg parlamentet til Kanariøyane og den kanariske presidenten sit her. Fleire avdelingar av La Laguna universitet ligg i Santa Cruz, mellom anna for kunst og marine. Dei største landemerkene i byen er Auditorio de Tenerife og Santa Cruz-tårna (Torres de Santa Cruz).
Karnivalet i Santa Cruz de Tenerife traktar i dag etter å verte ein verdsarvstad.http://www.santacruzmas.com/SantaCruzMas09.asp?IdMenu=10&IdSeccion=41&IdSubseccion=238
Historie Området der byen i dag ligg har vore busett sidan guanchane budde her for om lag 2000 år sidan. Ein har funne arkeologiske spor frå denne tida. Guanchane kalla dette området Añazo. Seinare vart han ein av dei viktigaste hamnene i Atlanterhavet og på Kanariøyane. Byen starta som ein fiskelandsby, men vart viktigare då eit vulkanutbrot øydela hamna i Garachico på 1700-talet. Han fekk sjølvstende frå La Laguna og på 1800-talet fekk han status som hovudstad på Kanariøyane av kong Ferdinand VII.
Folk frå Santa Cruz Pedro Rodríguez (f. 1987), fotballspelar
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Santa Cruz de Tenerife» frå , den 25. oktober 2009. oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
Kategori:Byar på Kanariøyane Kategori:Tenerife Kategori:Spanske hamnebyar ved Atlanterhavet Kategori:Busetnader grunnlagde i 1490-åra Kategori:Skipingar i 1492