Super Mario World er eit plattformspel frå 1990, utvikla og utgjeve av Nintendo som ein lanseringstittel til Super Nintendo Entertainment System (SNES). Handlinga i spelet følgjer Mario som skal berge prinsesse Toadstool og øya Dinosaur Land frå antagonisten Bowser og undersåttane hans. Spelemekanikkane liknar dei frå tidlegare Super Mario-spel: Spelaren kontrollerer Mario eller broren Luigi gjennom ein serie nivå der føremålet er å kome fram til målstreken på slutten. Super Mario World introduserte figuren Yoshi, ein dinosaur som mellom anna kan ete fiendar og, under visse høve, flyge eller spytte ut eldkuler.

Nintendo Entertainment Analysis & Development utvikla spelet, leia av Takashi Tezuka som kreativt ansvarleg og Shigeru Miyamoto som produsent. Det er det første Mario-spelet til SNES og var designa for å utnytte dei tekniske funksjonane til konsollen. Utviklingsgruppa hadde større fridom samanlikna med Super Mario-spela til Nintendo Entertainment System (NES). Yoshi var konseptualisert under utviklinga av NES-spela, men vart ikkje implementert før Super Mario World på grunn av avgrensingar i maskinvara.

Super Mario World er ofte vørda som eit av dei beste dataspela gjennom tidene. Det selte over tjue millionar kopiar verda over, som gjorde det til det mestseljande SNES-spelet. Det har også avla fram ein animert fjernsynsserie under same namn og ein prequel, Yoshi's Island, utgjeven i 1995. Spelet har vorte utgjeve på nytt fleire gonger: Det var del av kompilasjonen Super Mario All-Stars + Super Mario World til SNES og utgjeve på nytt til Game Boy Advance som Super Mario World: Super Mario Advance 2 i 2001, til Virtual Console på konsollane Wii, Wii U og New Nintendo 3DS og som del av Nintendo Classic Mini: Super Nintendo Entertainment System. Det vart også utgjeve på Nintendo Switch gjennom Super Nintendo Entertainment System-appen for Nintendo Switch Online-brukarar.

Spelemekanikkar Super Mario World er eit siderullande plattformspel der spelaren kontrollerer Mario eller Luigi, protagonistane i spelet. Det har liknande spelemekanikkar som tidlegare spel i Super Mario-serien – Super Mario Bros., Super Mario Bros. 2 og Super Mario Bros. 3 – og byggjer vidare på desse ved å leggje til nye element. I tillegg til å springe og hoppe, kan spelaren òg fly og sveve med hjelp frå visse oppgraderingar og gjere eit nytt snurrehopp. Spelet har til saman 96 nivåutgangar.

Spelaren navigerer gjennom spelet via to perspektiv: eit kart over spelverda og eit siderullande speleområde. Kartskjermen viser verda spelaren er i sett frå lufta, og har fleire vegar som fører frå inngangen til verda fram til ei borg. Vegane koplar seg til ulike ikon på kartet, som actionpanel, borger og spøkjelseshus, og lèt spelaren ta ulike ruter for å kome til slutten av verda. Når figuren på skjermen flyttar seg til eit actionpanel eller ei borg kan spelaren få tilgang til speleområdet til det nivået. Hovuddelen av spelet går føre seg i desse lineære nivåa, fylte med hinder og fiendar, som inneber at spelaren går gjennom nivået ved å springe, hoppe og nedkjempe eller vike unna fiendar. Spelaren får eit tal liv, som ein mistar dersom Mario kjem i kontakt med ein fiende, fell ned i ein avgrunn, blir knust eller går tom for tid. Spelet er over når spelaren går tom for liv, men ein kan halde fram frå siste lagringspunkt (fullførte borger, fort eller spøkjelseshus) etter at «Game Over»-skjermen syner seg. Kvar av dei sju verdene i spelet har eit endeleg nivå med ein boss som skal nedkjempast, her i form av sju borger som er kontrollerte av eitt medlem av Koopaling-klanen, og spelaren kjempar òg mot Bowser i slottet hans i den sjuande og siste verda. Super Mario World har ein fleirspelarmodus som lèt to spelarar spele spelet ved å etter tur navigere kartet og gå inn i eitt av nivåa. Den første spelaren kontrollerer Mario, medan den andre kontrollerer broren hans, Luigi.

I tillegg til oppgraderingar frå tidlegare spel, som supersoppen og eldblomen, introduserer spelet nye variantar som gjev spelefiguren nye ferdigheiter. Nytt i Super Mario World er ei fjør som gjev Mario ei kappe han kan bruke til å flyge og svive gjennom lufta eller som fallskjerm. Spelet introduserer lagring av ekstra oppgraderingar i ein boks sentralt på toppen av skjermen. Dersom spelaren til dømes får tak i ein eldblome eller ei kappefjør, vil ein supersopp dukke opp i boksen. Dersom Mario blir råka av ein fiende, vil den lagra oppgraderinga automatisk falle ut av boksen slik at han kan bruke henne. Spelaren kan òg sleppe oppgraderinga ut manuelt ved behov.

Spelet introduserer Yoshi, ein dinosaur-følgjesvein Mario kan ri og som kan ete dei fleste fiendane. Dersom Yoshi et ein Koopa eller eit Koopa-skal, kan han spytte skalet ut og sende det mot andre fiendar. Dersom skalet ikkje blir spytta ut, vil Yoshi automatisk svelgje det etter ei stund. Når han har eit Koopa-skal i munnen, vil Yoshi få eigenskapar som svarar til fargen på skalet: Eit blått skal lèt Yoshi flyge, eit gult skal lét Yoshi sende ut ei sjokkbølgje når han landar for å slå ut fiendar og eit raudt skal lèt Yoshi sende ut tre eldkuler. Glimande Koopa-skal gjev Yoshi alle tre eigenskapane på ein gong, medan dei grøne skala ikkje gjev nokon av effektane. Standardfargen til Yoshi er grøn, men det finst raude, blå og gule variantar løynde i spelet. Spelaren kan få tak i kvar farge av Yoshi ved å finne eit Yoshi-egg i løynde område og mate avkommet med fem fiendar eller ei stjerne for å få det vakse, slik at Mario kan ri Yoshi.

Sjølv om hovudmålet i Super Maro World er å kome seg gjennom sju verder for å nå slutten, kan spelaren greie spelet mykje raskare ved å bruke dei løynde stjernene på kartet som snarvegar. For å få tilgang til desse stjernene må spelaren finne nyklar som ligg skult i nivåa. Når ein nykel er funnen, må han bringast til eit nyklehol for å låse opp anten eit nytt nivå eller ei stjerne på kartet. Stjernene fører spelaren til eit eige kart med løynde nivå, «Star Road», som ein kan utforske for å låse opp nye snarvegar til ulike stader i Dinosaur Land eller kome til eit hemmeleg område kalla «Special World». Dersom spelaren greier alle nivåa i «Special World» vil nokre av fiendane endre utsjånad permanent og fargane på karta i spelet blir endra.

Handling Etter å ha frigjort Mushroom Kingdom i Super Mario Bros. 3, set Mario og Luigi seg føre å reise på ferie til ein stad kalla Dinosaur Land. Medan dei kviler på stranda blir prinsesse Toadstool teken til fange av Bowser. Når Mario og Luigi vaknar opp, prøver dei å finne henne, og etter å ha leitt i timevis kjem dei over eit stort egg i skogen. Egget klekker og ut kjem ein ung dinosaur kalla Yoshi, som fortel dei at dinosaurvenene hans også har blitt tekne til fange av dei vonde Koopalings. Mario og Luigi innser snart at det må vere den vonde kong Bowser Koopa og Koopaling-klanen hans som står bak. Yoshi gjev Mario ei kappe til hjelp i det dei startar på ferda. Mario og Luigi held fram å følgje Bowser, nedkjempar Koopaling-klanen undervegs og bergar dinosaurvenene til Yoshi. Til slutt kjem dei fram til borga til Bowser, der dei må slåst mot han. Mario og Luigi nedkjempar Bowser, som blir send susande inn i himmelen, berger prinsessa og bringer fred att til Dinosaur Land.

Utvikling

Takashi Tezuka var kreativt ansvarleg for spelet, medan Shigeru Miyamoto, skaparen av både Super Mario og The Legend of Zelda, verka som produsent. Shigefumi Hino tok rolla som grafikkdesignar. Nintendo Entertainment Analysis and Development handsama utviklinga med ei gruppe på ti personar, inkludert tre hovudprogrammerarar og ein figurdesignar, der dei fleste hadde arbeidd tidlegare på Super Mario Bros. I eit retrospektivt intervju sa kjernegruppa at Miyamoto opererte som den største autoriteten under utviklingsstadiet.

Super Mario World var det første spelet i Mario-serien utvikla for den komande spelkonsollen Super Nintendo Entertainment System (SNES). Utviklargruppa rekna såleis med utfordringar med å arbeide med ny og meir avansert maskinvare. Ifølgje Tezuka var ikkje programvareverktøya enno ikkje heilt ferdig utvikla og gruppa måtte «henge med på starten av noko nytt». Miyamoto vedgjekk at gruppa ikkje lenger hadde avgrensingane for visse mekanikkar som scrolling eller talet på fargar dei kunne implementere. Som eit maskinvareeksperiment porterte gruppa Super Mario Bros. 3 til SNES, men det kjentest som det same spelet for dei, trass forbetra fargar og sprites. Etter dette innsåg Miyamoto at målet for gruppa skulle vere å bruke den nye maskinvara til å lage noko «heilt nytt».

Miyamoto sa han ønskte at Mario hadde ein dinosaur-følgjesvein heilt sidan Super Mario Bros., men ingeniørane hjå Nintendo greidde ikkje å leggje ein slik figur til spelet på grunn av avgrensingar i maskinvara til Nintendo Entertainment System (NES). Inspirasjonen for Yoshi kan sporast enno lenger attende; Miyamoto laga design til ein grøn drake for 1984-spelet Devil World som delte fleire likskapar med Yoshi. I løpet av utviklinga av Super Mario Bros. 3 hadde Miyamoto nokre sketsjar ved skrivebordet, inkludert eit bilete av Mario som rir ein hest. Etter kvart som utviklinga av Super Mario World gjekk vidare, valde gruppa eit «dinosaurland» som ramme for spelet, så Tezuka spurde designar Shigefumi Hino om å teikne ein reptilliknande skapning basert på sketsjane til Miyamoto. Hino produserte opphavleg ein design som Tezuka rekna som «for reptilsk», og «passa eigentleg ikkje i Mario-verda», så han oppmoda designaren til å lage ein «søtare» figur. Tezuka spekulerte i at sansen Miyamoto hadde for riding, i tillegg til country- og westerntematikk, påverka utforminga av Yoshi.

Etter å ha reflektert over korleis han hadde laga ulike melodiar for Super Mario Bros. 3, gjekk komponist Koji Kondo inn for å bruke dei same melodiane for Super Mario World, om enn i ei rearrangert form. Ved å gjere dette, rekna han med at spelarar kunne kjenne att dei same melodiane, medan dei fekk høyre nye variantar av musikken etter kvart som dei kom vidare i spelet. Sidan Super Mario World var det første spelet utvikla for SNES, var Kondo sjeleglad for å kunne komponere musikk der det var mogeleg med åtte lydar samstundes. For å uttrykke den teknologiske nyheita til den nye konsollen brukte han fleire ulike instrument, der han ofte implementerer alle etter kvarandre i tittelsongen i spelet. Etter som utviklinga skrei framover vart Kondo uroa for korleis folk ville reagere på dei uvanlege kombinasjonane av instrument ettersom han merka at bruken av meir tradisjonelle firkantkurver og trekantkurver hadde «oppnådd aksept» hjå forbrukarar. For lydeffektane sat Kondo seg føre å bruke ei blanding av instrument i motsetnad til firkantkurvene for å understreke at spelet brukte tradisjonell teknologi med ein hybrid av nytt materiale. Det tok Kondo om lag eitt og eit halvt år å skrive all musikken til spelet.

Super Mario World vart produsert medan Nintendo og Sega var heftige konkurrentar med høvesvis konsollane SNES og Mega Drive. Sonic the Hedgehog, maskoten til Sega, var ofte rekna som eit raskare og «kulare» alternativ til Mario. Etter utgjevinga av spelet har Miyamoto innrømt offentleg at han følte det var uferdig og at utviklinga var forhasta mot slutten.

Utgjeving Super Mario World vart utgjeve 21. november 1990 i Japan. Det var eitt av to lanseringstitlar for SNES i Japan, saman med F-Zero. Spelet vart utgjeve i Nord-Amerika i august 1991 og i Europa i april 1992. Nintendo gav òg ut ein versjon for arkadekabinett der spelarar kunne prøve spelet før dei kjøpte det.

Attutgjevingar