Roquetas de Mar er ein by i provinsen Almería i den autonome regionen Andalucía i Spania. Turistområdet med hotell, restaurantar og butikkar har fram til dei siste åra hovudsakleg vore ein feriestad for spanske turistar om sommaren, men no har òg ein del turistar frå dei britiske øyene, Skandinavia og Tyskland byrja å feriere her.

Roquetas de Mar er ein av to store feriestader på Costa de Almería, den andre er Mojácar. Det kjem ikkje like mange turistar her som andre stader i Spania, og med lange strender har ein relativt god plass til å sole seg og bade.

Roquetas de Mar har mange fasilitetar, som hotell, restaurantar, tapasbarar, ein tyrefektar-arena, eit auditorium og ein språkskule.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Roquetas de Mar» frå , den 27. oktober 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Andalucía