Donostia-San Sebastián er provinshovudstaden i provinsen Gipuzkoa i Baskarland i Spania. Innbyggjarane kallar seg sjølve donostiarras. Byen har kring 190 000 innbyggjarar. og eit storbyområde som omfattar i overkant av 400 000 innbyggjarar.
Byen ligg nord i Baskarland på sørsida av Biscayabukta ved munningen av elva Urumea.
Byen er som dei fleste kystbyar prega av fiske og pittoreske hamnekvarter, men der fiskebodane låg før finst i dag eksklusive fisk- og skalldyrsrestaurantar.
Dei sentrale delane av byen og strandpromenadane går i viktoriansk arkitektur - byen var rundt førre hundreårsskifte ein stor turistby for den spanske kongefamilien og adelskapet.
Kvart år vert det halde ein stor festival i byen, semana grande, med tyrefekting, festivaltog og aktivitetar som konserter, tivoli og rokonkurransar (ein spesiell rosport som er nasjonalsporten i Baskarland der rostjernene er omtrent like kjende i Baskerland som store fotballstjerner i andre land). Byen er òg kjent for den internasjonale filmfestival kvar haust.
Ei årsak til at San Sebastian er eit av dei store turistmåla i Baskarland er dei to store sandstrendene som strekkjer seg ut på kvar side av sentrum. La Concha («skjelet») er den største av strendene. Den andre stranda, som ligg utanfor bydelen Gross, er den meir ungdommelege stranda. Ho er kjent for dei store bølgjene og gode surfehøve. Ungdomskulturen i byen er sterkt prega av surfing.
Merknader
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «San Sebastián» frå , og «San Sebastián» frå den 30. oktober 2009.
Bakgrunnsstoff
Offisiell turistside
Kategori:Byar i Baskarland Kategori:Busetnader grunnlagde på 1100-talet Kategori:Skipingar i 1180