Forsyningsdepartementet var eit norsk departement som blei etablert i 1939 og eksisterte fram til 1950:

1939-1942: Forsyningsdepartementet 1942-1950: Forsynings- og gjenreisingsdepartementet

Departementet foretok rasjonering av varer under og etter den andre verdskrigen, og utferda mellom anna rasjoneringskort gjennom Direktoratet for proviantering og rasjonering.

På 1950-talet var det framleis rasjonering av somme varer, men departementet blei lagt ned og oppgåvene integrert i andre departement.

Kategori:Tidlegare norske departement Kategori:Skipingar i 1939 Kategori:Nedleggingar i 1950 Kategori:1939 i Noreg Kategori:1950 i Noreg