Ourense (spansk Orense) er ein by nordvest i Spania og provinshovudstaden i provinsen Ourense i Galicia. Han har kring 110 000 innbyggjarar, om lag 30 % av innbyggjarane i provinsen.

Byen ligg ved breidda av elva Minho sør i sentrale område av provinsen.

Historoe Opphavet til byen kan sporast tilbake til romarane og varmekjeldene her kalla Burgas. Desse er framleis synlege i dag. Det var òg trong for å bygge festningsverk her for å verne ein vadestad over Minho. Etter romarane vart Ourense ein del av kongedømet til suebane på 400- til 600-talet, og han vart øydelagd av maurarane i 716. Han vart seinare bygd opp att av Alfonso III av Asturias rundt 877. Vikingane og den arabiske krigsherren Al-Mansur plyndra begge byen og øydela han stort. Det avrt først under Sancho II og systera hans Doña Elvira at byen vart busett på nytt på 1000-talet. Ourense voks først til ein by på 1100-talet.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Ourense» frå , den 4. november 2009.

Bakgrunnsstoff

Kategori:Byar i Galicia Kategori:Romerske stader i Spania