Xhosa (utt. (), isiXhosa) er eit bantuspråk som blir tala i Sør-Afrika og Lesotho. Xhosa er eitt av elleve offisielle språk i Sør-Afrika, og blir brukt av om lag 7 214 000 menneske, eller nær 18 % av sørafrikanarar. Ein som har xhosa som morsmål blir også kalla xhosa.
Som andre bantuspråk er xhosa eit tonespråk, der det ligg meiningsforskjellar i om tonen i eit ord er stigande, fallande, høg eller låg. Språket er også kjenneteikna av klikkelydar, ofte uttrykt som «xh» i byrjinga av eit ord, som i ordet «xhosa».
Fonologi
thumb|Geografisk fordeling av xhosa-talarar i Sør-Afrika
Konsonantar
Xhosa er framfor alt kjent for klikklydane sine, sannsynlegvis eit lån frå san-språk (urfolksspråka i det sørlege Afrika). Tabellen listar opp fonema med IPA-verdiar og med bokstavane frå den offisielle rettskrivinga.
labial Dental /alveolar postalveolar/ palatal velar glottal Sentral latral Klikkelyd enkel [kǀ] c [kǁ] x [kǃ] q aspirert [kǀʰ] ch [kǁʰ] xh [kǃʰ] qh breathy voice [ɡǀʱ] gc [ɡǁʱ] gx [ɡǃʱ] gq nasal [ŋǀ] nc [ŋǁ] nx [ŋǃ] nq breathy voice, nasal [ŋǀʱ] ngc [ŋǁʱ] ngx [ŋǃʱ] ngq Plosiv ejektiv [p’] p [t’] t [tʲ’] ty [k’] k aspirert [pʰ] ph [tʰ] th [tʲʰ] tyh [kʰ] kh breathy voice [bʱ] bh [dʱ] d [dʲʱ] dy [ɡʱ] g implosiv [ɓ] b Affrikat ejektiv [ʦ’] ts [ʧ’] tsh [kx’] kr aspirert [ʦʰ] ths [ʧʰ] thsh breathy voice [ʤʱ] j Frikativ Ustemt [f] f [s] s [ɬ] hl [ʃ] sh [x] rh [h] h breathy voice [v̤] v [z̤] z [ɮ̈] dl [ɣ̈] gr [ɦ̤] hh Nasale Stemt [m] m [n] n [nʲ] ny [ŋ] n’ breathy voice [m̤] mh [n̤] nh [n̤ʲ] nyh Approksimant stemt [l] l [j] y [w] w breathy voice [l̤] lh [j̈] yh [w̤] wh
Kjelder Denne artikkelen tok utgangspunkt i «Xhosa (språk)» frå , den 7. november 2009. Konsonantar i Xhosa
Bakgrunnsstoff Kirsch, Beverly; Silvia Skorge, Sindiwe Magona 1999: Teach Yourself Xhosa London: McGraw-Hill
Kategori:Bantuspråk Kategori:Xhosaer Kategori:Språk i Lesotho Kategori:Språk i Sør-Afrika Kategori:Tonespråk Kategori:Einskildspråk