Sayyid Hassan Nasrallah () var den tredje generalsekretæren i det libanesiske islamistpartiet Hizbollah, som òg er ein paramilitær organisasjon. Nasrallah vart leiar i Hizbollah etter at Israel drap leiaren i rørsla, Abbas al-Musawi, i 1992. Dei militære kampanjane til Hizbollah seint på 1990-talet vart hovudfaktorane som leidde til at israelarane valde å trekkje seg ut av Sør-Libanon i 2000. Nasrallah vart drepen i eit israelsk bombeåtak på Beirut i september 2024.

Kjelder

Kategori:Libanesiske islamistar Kategori:Generalsekretærar i Hizbollah Kategori:Folk frå Beirut