mini|Reese Witherspoon på Det ovale kontoret 25. juni 2009. Laura Jeanne Reese Witherspoon (), betre kjend som Reese Witherspoon, er ein USA-amerikansk skodespelar og filmprodusent. I 1998 spela ho i tre større filmar: Overnight Delivery, Pleasantville og Twilight. Det påfølgjande året spela Witherspoon i den kritikarrosa Election, som ho vart nominert til Golden Globe for. 2001 vart eit vendepunkt i karrieren hennar, med gjennombrotsrolla som «Elle Woods» i kinosuksessen Legally Blonde, og i 2002 spela ho hovudrolla i Sweet Home Alabama, som vart den største kommersielle suksessen i karrieren hennar så langt. I 2003 vende ho tilbake som hovudrolleinnehavar og produksjonsleiar for Legally Blonde 2: Red, White & Blonde. I 2005 fekk Witherspoon merksemd og ros verda over, då ho spela June Carter Cash i Walk the Line, som ho fekk Oscar, Golden Globe, BAFTA og Screen Actors Guild Award for «Beste kvinnelege hovudrolle» for.

Witherspoon gifta seg med skodespelar og medspelar i Cruel Intentions, Ryan Phillippe, i 1999. Dei har to ungar saman, Ava og Deacon. Paret vart separert mot slutten av 2006 og dei skilde seg i oktober 2007.

Witherspoon eig eit produksjonsselskap, Type A Films, og ho har involvert seg aktivt i organisasjonar som kjempar for rettane til kvinner og barn. Ho sit i styret i Children’s Defense Fund (CDF) og vart globalambassadør for Avon Products i 2007, då ho var æresleiar for velgjerdsorganisasjonen Avon Foundation.

Filmografi ÅrOriginaltittelNorsk tittelRolle1991The Man in the MoonDet hendte en sommer Dani TrantWildflowerEllie Perkins1992Desperate Choices: To Save My Child Cassie1993A Far Off PlaceFlukten gjennom KalahariNonnie ParkerJack the BearKaren MorrisReturn to Lonesome Dove (miniserie for fjernsyn)Ferris Dunnigan1994 S.F.W. Wendy Pfister1996FreewayVanessaFearNicole Walker1998TwilightSannhetens timeMel AmesOvernight DeliveryIvy MillerPleasantvilleJennifer/Mary Sue1999Cruel IntentionsEt farlig spillAnnette HargroveElection Tracy FlickBest Laid Plans Lissa2000 Little NickyLille Nicky – Djevelungen Holly (birolle)American Psycho Evelyn Williams2001The Trumpet of the SwanSerena (stemme)Legally BlondeLovlig blondElle Woods2002The Importance of Being EarnestCecily CardewSweet Home AlabamaMelanie Carmichael2003Legally Blonde 2: Red, White & BlondeLovlig blond 2Elle Woods (og produksjonsleiar)2004Vanity FairBecky Sharp2005Walk the LineJune Carter Cash (også vokal)Just Like HeavenElizabeth Masterson2007RenditionAntatt skyldigIsabella El-Ibrahimi2008PenelopeAnnieFour ChristmasesKate2009Monsters vs. AliensSusan Murphy / Ginormica (stemme)

Bakgrunnsstoff

Kategori:USA-amerikanske skodespelarar Kategori:USA-amerikanske filmprodusentar Kategori:Oscarvinnarar Kategori:Folk frå New Orleans