Barne- og familiedepartementet er eit tidlegare norsk departement.
Det vart oppretta frå 1. januar 1991 under Regjeringa Brundtland III. Det var for ein stor del basert på overføring av oppgåver frå Familie- og forbrukardepartementet som vart lagt ned 31. desember 1990.
Matz Sandman var den første statsråden i departementet. Han hadde då vore statsråd i Forbrukar- og familiedepartementet sidan 3. november 1990.
Departementet vart lagt ned den 31. desember 2005, under Regjeringa Stoltenberg II. Dåverande statsråd i departementet, Karita Bekkemellem, blei den første statsråden i det nyoppretta Barne- og likestillingsdepartementet.
Historie Departementet har fleire gongar skifta namn og delvis oppgåver.
Forbrukar- og administrasjonsdepartementet 8. mai 1972 - 31. desember 1989 Familie- og forbrukardepartementet 1. januar 1990 - 31. desember 1990 Barne- og familiedepartementet 1. januar 1991 - 31. desember 2005 Barne- og likestillingsdepartementet 1. januar 2006-31. desember 2009 Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet 1. januar 2010–2016 Barne- og likestillingsdepartementet 2016–2019 Barne- og familiedepartementet 2019–
Kjelder Familie- og forbrukardepartementet hos Regjeringen.no
Kategori:1991 i Noreg Kategori:Skipingar i 1991 Kategori:Nedleggingar i 2005 Kategori:Tidlegare norske departement