Càrn Eige, nokre gonger skrive Càrn Eighe, er det høgste fjellet i Nord-Skottland (dvs. nord for Great Glen). Det ligg i regionen Highland, på grensa mellom distrikta Inverness og Ross and Cromarty, på dei tidlegare landområda til Chisholm-klanen.

Fjellet ligg svært aude til, meir enn 10 km frå næraste større veg, sjølv om det ligg eit ungdomsherberge i Glen Affric som er nærare. I høve til primærfaktor, er det det nest høgste fjellet i Storbritannia og Skottland, etter Ben Nevis.

Kategori:Inverness Kategori:Fjell og åsar i Highland