Brunstad er ein norsk møbelprodusent som har hovudkontor og fabrikk i Sykkylven i Møre og Romsdal. Verksemda vart etablert i 1941 av Hjalmar Brunstad. Brunstad produserer sofaer og stolar. På 2000-talet har ein merka seg særleg ut med stolkolleksjonane "Delta" og "Sting". "Delta" vart kåra til "folkets favorittstol" i interiørmagasinet Bonytt i 2000, og har sidan vorte utvikla i fleire former. "Sting" fekk utmerkinga "Merke for godt design" av Norsk designråd i 2008. Når det gjeld sofaproduksjonen, har ein dei seinare åra gjort meir nytte av modulsystem, der kjøparane sjølve kan avgjere modulsamansetjinga.
Historikk Verksemda har hatt ulike firmanamn: Hj. Brunstad Trevarefabrikk (1941), Hj. Brunstad Møbefabrikk (1950), Hj. Brunstad Fabrikker AS (1970) og Brunstad AS (1985).
Fyrste tida heldt produksjonen til i enkle lokale i Velledalen (i Sykkylven) der Hjalmar Brunstad hadde vakse opp. Fyrste lokalet var kjellaren på gardshuset, dinest kjellaren på bedehuset og kjellaren i ungdomshuset. I 1947 flytte ein til nye produksjonslokale i Straumgjerdet. På denne tida hadde ein gått overgangen frå å produsere enkle spisestovestolar og vere underleverandør av treverk til å sjølv produsere stoppa møblar. Etter kvart vart lokala i Straumgjerdet for tronge, og i 1968 kunne ein ta i bruk ein ny og moderne fabrikk på Vik (i Sykkylven) der produksjonen framleis finn stad. Brunstad har i tillegg hatt møbelproduksjon på Stranda.
Varemerke Brunstad Patentstyret |Brunstad World Intellectual Property Organization Brunstad - hovedlogo for alle produkter Fantasy Patentstyret |Fantasy - modulsofakonsept
Merkevarer Delta - hvilestolkolleksjon System pluss - modulsofakonsept
Utmerkingar 2008 - Merket for God Design frå Norsk Designråd for stolen Sting, kategori Møbeldesign. 2000 - Folkets favorittstol frå magasinet Bonytt for stolen Delta. 1985 - Merket for God Design frå Norsk Designråd for møbelserien Avenue, kategori Møbeldesign.
Referansar Hole, Jon. 50 år i god form. Hj. Brunstad Fabrikker AS 1041–1991. Sykkylven. Fotnotar
Bakgrunnsstoff www.brunstad.no - heimeside for firmaet
Kategori:Norske møbelprodusentar Kategori:Næringsliv i Sykkylven Kategori:Skipingar i 1941