Call of Duty: Modern Warfare 2 (òg kalla for Modern Warfare 2) er eit fyrstepersonsskytespel utvikla av Infinity Ward og publisert av Activision på Microsoft Windows, PlayStation 3 og Xbox 360. Spelet vart annonsert 11. februar 2009, og lansert globalt 10. november 2009. Det er det sjette spelet i Call of Duty-serien, og den direkte oppfølgjaren til Call of Duty 4: Modern Warfare, der det held fram på handlinga til føregangaren. Modern Warfare 2 vart lansert i samband med to andre Call of Duty-spel; Call of Duty: Modern Warfare: Mobilized på Nintendo DS, og ei omlaging av Call of Duty 4: Modern Warfare utvikla for Wii.
Referansar
Bakgrunnsstoff Offisiell nettside for Modern Warfare 2 Heimesida til Infinity Ward
Kategori:Dataspel frå 2009 Kategori:Dataspel frå Activision Kategori:Skytespel i førsteperson Kategori:PlayStation 3-spel Kategori:Xbox 360-spel Kategori:Windows-spel