mini|Old Main, SUNY New Paltz. mini|SUNY Stony Brook. mini|SUNY Univ at Buffalo Nuclear Reactor. mini|SUNY Maritime College Empire State VI.
State University of New York (SUNY) er eit delstatsuniversitet i staten New York i USA. Det vart grunnlagt i 1816 og har i dag studium ved åtte universitet, fire av universitetssentra sp, ligg ved Cornell University, femten høgskolar (college, åtte tekniske høgskolar og tretti lokale høgskolar (community colleges). SUNY er det største universitetssystemet i USA, og eit av dei største i verda.
Universitetet i Buffalo vart opphavleg etablert i 1846 som eit privat universitet med medisinsk fakultet, og vart i 1962 fusjonert med State University of New York. I dag er Universitetet i Buffalo (State University of New York at Buffalo) med sine 28 192 studentar (2008) (av det 19 022 undergraduate), 1 827 akademisk tilsette, 83 Bachelorgradstudium, 133 Mastergradstudium, 78 doktorgradsstudium og 4 profesjonsstudium, tre campus (Amherst og to i sentrum), forskningsmidlar på USD 323 000 000 (2007) og årleg budsjett på USD 1 300 000 000 (2007); sjølve flaggskipet i det statlege universitetssystemet i New York. State University of New York at Buffalo er medlem av Association of American Universities.
Lærestaden ved Binghamton høyrer til gruppa av offentlege, høgkvalitets-universitet med særs høg akademisk standard - den såkalla Public Ivy-gruppa.
I 2007 var det i alt 427 000 studentar innskrive på fulltid, deltid, gjennom fjernundervisning eller etter- og vidareutdanning. Det var 99 778 regulære studentar på bachelor- eller masterstudia ved SUNY i 2006, pluss studentane ved sjølvstendige college og community college. Skulepengane er US$ 4 800 - 6 000, avhengig av studiestad, men US$ 9 166 ved medisinstudia.
Studiestadar og campus Studiestadane ved SUNY er: Universitet SUNY University at Buffalo (1846) - 28 192 studentar (2008) opp til doktorgrad SUNY at Binghamton (1946) - 14 373 studentar opp til doktorgrad SUNY University at Albany (1844) - 17 434 studentar opp til doktorgrad SUNY at Stony Brook (Stony Brook University) (1957) - 22 522 studentar opp til doktorgrad SUNY State College of Environmental Science & Forestry - 2 069 studentar opp til doktorgrad SUNY State College of Optometry - 270 studentar på fulltid knytte til eige sjukehus SUNY Downstate Medical Centre, Brooklyn (1858) - 1 609 studentar opp til doktorgrad SUNY Upstate Medical University, Syracuse (1950) - 1 236 studentar opp til doktorgrad Cornell University SUNY College of Agriculture and Life Sciences inkl New York State Agricultural Experiment Station Cornell University SUNY College of Human Ecology Cornell University SUNY College of Veterinary Medicine| Cornell University SUNY School of Industrial and Labor Relations
College SUNY Empire State College (1971) - 12 038 vaksne studentar opp til mastergrad SUNY at Fredonia (1826) - 5 540 studentar opp til mastergrad SUNY College at Brockport (1867) - 8 312 studentar opp til mastergrad SUNY at Canton (1906) - 2 359 studentar innan teknologifag opp til mastergrad SUNY at Cobleskill (1916) - 2 500 studentar innan teknologifag opp til mastergrad SUNY College at Cortland - 6 995 studentar opp til mastergrad SUNY at Delhi - 2 483 studentar innan teknologifag opp til bachelorgrad SUNY at Farmingdale (1912) - 5 280 studentar opp til bachelorgrad SUNY at Morrisville (1908) - 3 262 studentar opp til bachelorgrad SUNY College at Geneseo - 5 530 studentar opp til mastergrad SUNY at New Paltz (1828) - 7 699 studentar opp til mastergrad SUNY at Oswego (1861) - 8 813 studentar opp til mastergrad SUNY College at Old Westbury - 3 450 studentar opp til mastergrad SUNY College at Oneonta - 5 786 studentar opp til mastergrad SUNY at Plattsburgh (1889) - 6 217 studentar opp til mastergrad SUNY College at Potsdam - 4 332 studentar opp til mastergrad SUNY at Purchase (Purchase College) - 4 000 studentar innan musikkfag SUNY Institute of Technology, Utica (1966) - 2 587 studentar opp til Mastergrad SUNY Maritime College (1874) - 1 316 studentar opp til mastergrad Alfred State College (1908) - 3 200 studentar innan teknologifag Buffalo State College (1867) - 11 220 studentar opp til mastergrad Fashion Institute of Technology (1944) - 10 101 studentar opp til mastergrad SUNY College of Agriculture & Technology at Cobleskill - 2 506 studentar opp til bachelorgrad
I tillegg til dette er det og underliggande community colleges.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «State University of New York» frå , den 22. november 2009.
Bakgrunnsstoff
State University of New York at Buffalo
Kategori:Public Ivy Kategori:Universitet i New York Kategori:Skipingar i 1816