Staffordshire (forkorta Staffs) er eit grevskap i Vest-Midlands i England. Delar av National Forest ligg i grevskapet. Det grensar til dei seremonielle grevskapa Cheshire, Derbyshire, Leicestershire, Warwickshire, West Midlands, Worcestershire og Shropshire.
Den største byen i Staffordshire er Stoke-on-Trent, som vert styrt separat frå resten av grevskapet som ei sjølvstendig sameint styresmakt. Lichfield har òg bystatus, og andre byar er Stafford (administrasjonsstad), Burton upon Trent, Cannock, Newcastle-under-Lyme og Tamworth. Wolverhampton og Walsall var tidlegare ein del av Staffordshire fram til 1974, men ligg i dag i West Midlands county.
Bortsett frå Stoke-on-Trent er Staffordshire delt inn i distrikta Cannock Chase, East Staffordshire, Lichfield, Newcastle-under-Lyme, South Staffordshire, Stafford, Staffordshire Moorlands og Tamworth.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Staffordshire» frå , den 28. november 2009.
Bakgrunnsstoff BBC Staffordshire Staffordshire grevskapsråd Bilete frå Staffordshire Turisme i Staffordshire