Kari Sylfestsdotter Vivelid () var ein biletkunstnar frå Vivelid på Hardangervidda i Eidfjord kommune. Ho var syster til forfattaren og målaren Lars Vivelid, og ho illustrerte mellom anna fleire av bøkene han hadde skrive — ofte i samarbeid med han sjølv. Ho laga mange måleri i løpet av livet sitt, gjerne med motiv frå fjellet. Sceneteppet ”Trollgildet” i Eidfjord ungdomshus vart måla av henne i 1937.
Kari voks opp på Vivelid, og ho budde der heile livet sitt til ho døydde i 1979. Det gamle huset som ho budde i, har no vorte restaurert og fått namnet Karistova etter henne.
Bakgrunnsstoff
Kort skildring av livet hennar og Karistova på nettsidene til Vivelid Fjellstova. Bokutgjevingar av Lars Vivelid, med litt informasjon om Kari. Nettsidene til Eidfjord om boka Minnedagar, illustrert av Kari Vivelid, med fødsels- og dødsår. Hardanger Folkeblad: Iskunst på Morellfestivalen. Måleri av Kari Vivelid vart auksjonert bort på festivalen i 2009.
Kategori:Folk frå Eidfjord Kategori:Norske målarar