1455 (romartal MCDLV) var eit normalår som byrja på ein onsdag.

Hendingar mini|Tysk frimerke frå 1954 til minne om Gutenberg-bibelen. Utlandet 8. januar: Pave Nikolas V gav ut bullen Romanus Pontifex, stila til kong Afonso V av Portugal. Skrivet gav Portugal løyve til å erobra heidenske land og gjera innbyggjarane der til slavar. 23. februar (usikker dato): Den første vestlege boka trykt med lause typar, Gutenberg-bibelen var ferdig og blei lagt ut for sal av Johann Gutenberg. 8. april: Calixtus III blei ny pave etter Nikolas V.

Henrik VI av England tok att makta etter å ha vore sjuk på sinnet sidan 1453 Våren: Rosekrigane braut ut i England 22. mai: Hertug Rikard av York nedkjempa og fanga kong Henrik VI av England under det første slaget ved St Albans.

Noreg Høvedsmann Olav Nilsson og over 60 andre blei drepne av hanseatar i Munkeliv kloster.

Fødde 2. februar: Kong Hans av Danmark, Noreg og Sverige 3. mars: Kong Johan II av Portugal

Døde 18. februar: Fra Angelico, italiensk renessansekunstnar 24. mars: Pave Nikolas V, fødd Tomaso Parentucelli, pave sidan 1447