Suwa (japansk 諏訪湖) er ein innsjø i Kisofjella, sentralt i Nagano prefektur i Japan. Han er den 24. største innsjøen i Japan ut frå areal.

Suwa er åstad for o-miwatari, eit interessant naturfenomen. Han har ei naturleg varmekjelde under overflata, slik at når vassflata frys til om vinteren, så er dei lågare delane av innsjøen varm og sirkulerar. Dette fører til skrugardar i isen, med høgder på 30 cm eller meir. Lokale segner fortel at skrugardane er danna av gudane som kryssar innsjøen, medan dei reiser mellom forskjellige bygningar i Suwa Taisha.

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Lake Suwa» frå , den 13. desember 2009.

Kategori:Innsjøar i Japan Kategori:Nagano prefektur