mini|Drektig sebra. Grant's sebra har ei fostertid på 12-13 månader. Fostertid er den tida eit ho-pattedyr går med eit foster. Tida vert rekna frå siste paringsdagen fram til fødselen. Eit hodyr som går med eit foster vert kalla drektig.
Lengda på fostertida er mykje ulik hos dei ulike dyreslaga og kan variere ikkje lite innan same arten. Fostertida er jamt over lengst hos dei store dyra og stuttast hos dei små, og ho er høvesvis lenger hos dyr som lever og føder i ope lende enn hos dyr som lever og føder gøymde i jordhòl. Ho er og jamt over lengre hos dyr med lågt fostertal.
mini|Syrisk hamster har stutt fostertid. mini|Elefantfoster i ulike utviklingsstadie. Afrikansk elefant har ei fostertid på rundt 22 månader. Blant dei pattedyra som har stuttast fostertid, er syrisk hamster med berre 16 dagar. Afrikansk elefant har den lengste, med rundt 660 dagar.
Fostertid hjå menneske
Hjå menneske reknar ein som regel svangerskap frå slutten av siste menstruasjon. Eit svangerskap av normal lengd varer då i 40 veker, og eit foster med ei fostertid på mellom 259 og 294 dagar blir rekna som fullbore.
Oversyn
Husdyr Gjennomsnittleg fostertid i dagar Kanin 31 Mink 53 Tamkatt 63 Hund 63 Svin 114 Geit 151 Sau 148 Kyr 281 Hest 335 Kamel 400 Ville dyr Gjennomsnittleg fostertid i dagar Mus 19 Rotte 22 Ekorn 36 Røyskatt 42 Ulv 63 Tiger 107 Løve 108 Bjørn 210 Sjimpanse 236 Isbjørn 240 Mår 278 Spermkval 480–500 Elefant 630
Kjelder Gustav Nærland i Norsk Allkunnebok (1953) Denne artikkelen bygger på «Fostertid» frå , den 30. desember 2009.
Kategori:Veterinærmedisin Kategori:Formeiring hjå pattedyr