mini|Langdon Cliffs til South Foreland-fyret Langdon Bay er ei bukt aust i Kent i England. Ho ligg 3 km aust for byen Dover og er kalla opp etter dei nærliggande landsbyane Langdon, East Langdon og West Langdon. Klippene rundt området vert kalla Langdon Cliffs (Langdonklippene), og frå toppen av klippene svingar ein sti seg nedover til stranda.
Historie Bukta er kjend for store funn frå bronsealderen i 1974. Dette var mellom anna ei bronseøks av fransk type, som ein trur kan ha kome frå ein båt som dreiv i land her under ein storm langs den engelske kysten. Dette viser at det føregjekk handel over Den engelske kanalen alt i bronsealderen, om ikkje enno tidlegare. Øksa er i dag eigd av British Museum, men er utlånt til Dover Museum i Dover.
Tre søkelysbatteri, Langdon Lights, vart bygd inn i klippene under den andre verdskrigen slik at skip som gjekk inn i bukta kunne lysast opp medan dei vart kontrollerte. Eit slikt batteri er i dag øydelagd etter eit ras.
Området oppfor klippene er i dag graskledde bakkar og eit naturreservat eigd av National Trust. Store delar av dette reservatet vert rekna som ein «stad av særleg vitskapleg interesse» (SSSI) og «eit særleg vakkert naturområde» (AONB).National Trust
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Langdon Bay» frå , den 16. desember 2009. oppgav desse kjeldene: http://www.dover-kent.co.uk/places/langdon_cliffs.htm http://www.geog.sussex.ac.uk/BAR/images/Kent/langdon_stairs/Page.html
Kategori:Geografi i Kent Kategori:Den engelske kanalen Kategori:Bukter i England Kategori:National Trust-eigedommar