Adolf Thomsen () var ein norsk komponist og musikar.
Adolf Thomsen vart fødd i Bergen, men han voks opp i Tromsø og var frå 1883 organist i Tromsø domkyrkje. Han vart kjend med Edvard Grieg og fleire av verka hans er dedikerte til Grieg. Han er mest kjend før melodien til «Barndomsminne frå Nordland» (Å eg veit meg eit land) med tekst av Elias Blix, som ofte vert kalla «Nord-Noregs nasjonalsong».
Thomsen og kona Lorentze Em. fekk tre døtrer: Alvhild, Frida og Ingrid, og to søner: Einar og Sigvald.
Ein byste av Thomsen står i Kirkeparken i Tromsø. Den vart laga av Trygve Thorsen i 1946.
Verk Barndomsminne frå Nordland - 1901
Gud signe vårt dyre fedreland
Kjelder
Denne artikkelen bygger på «Adolf Thomsen» frå , den 20. desember 2009.
Bakgrunnsstoff Mer om Adolf Thomsen på slektsdata.no
Kategori:Norske komponistar Kategori:Musikarar frå Bergen Kategori:Norske organistar