Ein våpenart (òg kalla korps, troppeart, tenestefelt og bransje) er ei funksjonell gruppering av personell innan ei og same forsvarsgrein.
Typiske våpenartar i ein armé: Infanteri Kavaleri/Panser Artilleri Flykorps Ingeniørvåpen Militærpolitikorps Sanitetskorps Etterretningskorps Signalkorps Logistikkvåpen Intendanturkorps Transportkorps Våpenteknisk korps Veterinærkorps Feltprestkorps Militærjuristkorps/Auditørkorps
Våpenartar grupperast ofte inn i kampvåpen (combat arms), kampstøttekorps (combat support) og forvaltningsstøttekorps (combat service support).
Som regel består kvar våpenart av eit eller fleire regiment.
I ei marine vert våpenartane delt inn i bransjar som så vert delt inn i tenestefelt. Typiske bransjar: Teknisk bransje Operativ bransje Forvaltning
Tenestefelt i Sjøforsvaret: Artilleri Sanitet Forpleining Samband Fjernskrivar-RATT Skipsdykkar Minedykkar Kystjeger Sonar Takkel Torpedo Maskin
Nokre av tenestefelta utgjer eigne detaljar om bord, men på enkelte skip er det kan hende berre èin person i eit tenestefelt.
Bakgrunnsstoff Den norske hærens våpenartar Den britiske hærens våpenartar Den irske hærens våpenartar Den australske hærens våpenartar Den newzealandske hærens våpenartar
Kategori:Militærvesen