mini|Pondfield Cove og Worbarrow Tout Pondfield Cove er ei lita vik like aust for Worbarrow Tout og vest for Gad Cliff i Dorset i England. Ho er ein del av verdsarvstaden Jurassic Coast, «Jurakysten».

Vika ligg heilt innanfor Portland- og Purbeckformasjonane. Mykje av sekvensane av purbeck-kalkstein og skifer er synlege i Pondfield Cove. Den vesle landtunga mellom Worbarrow Tout og fastlandet skil Pondfield Cove frå Worbarrow Bay i nord.

Pondfield Cove er berre tilgjengeleg når Lulworth skytefelt er open for ålmenta. Ein kan nå vika langs ein sti frå Tyneham Gwyle nær Tyneham.

Galleri

Kjelder Denne artikkelen bygger på «Pondfield Cove» frå , den 9. januar 2010. oppgav desse kjeldene:

Kategori:Bukter i Dorset