Bull Bay (engelsk; walisisk Porth Llechog) er ein landsby på nordkysten av Anglesey i Wales. Det walisiske namnet Porth Llechog tyder ‘verna bukt’. Det engelske namnet kjem frå Pwll y Tarw (‘Oksevatnet’), som ligg nær bukta.
Landsbyen ligg langs A5025. Han er den nordlegaste landsbyen i Wales. Det ligg ein golfbane ved landsbyen som vart opna av ein lokal aristokrat i 1913. Øya East Mouse ligg i bukta med mange klipper og grotter langs kysten. Somme av desse klippene er over 570 millionar år gamle og nokre av dei eldste i Wales.
Kjelder Denne artikkelen bygger på «Bull Bay på Anglesey» frå , den 11. januar 2010.
Bakgrunnsstoff
Bilete Bull Bay og det omliggande området
Kategori:Bukter i Wales Kategori:Landsbyar på Anglesey