Ringebu er eit sokn og ein tettstad i Ringebu kommune i søre Gudbrandsdalen i Innlandet fylke.

Ringebu sokn Ringebu sokn har snautt 3 000 innbyggjarar og femnar om bygdene langsmed Gudbrandsdalslågen, frå Frya i nord til Tromsa og Moelva i sør, med tettstaden Ringebu og og den del av tettstaden Fåvang (Tromsnes) som ligg nord for Tromsa. Ringebu stavkyrkje frå 1200-talet ligg 3 km sør for tettstaden.

Ringebu tettstad Tettstaden Ringebu, òg kalla Vålebru eller Vålebrua, har og er administrasjonssenter i kommunen. Den voks fram som stasjonsby etter at Ringebu stasjon ved Dovrebanen blei opna i 1896. Namnet Vålebru kjem frå elva Våla, som renn gjennom sentrum, og dei to bruene som går over elva. På folkemunne kallar ein Ringebu sentrum (Vålebrua) for 'Brua', i motsetnad til 'skogen' som vert brukt om området Tollmoen/Tollskogen som ligg på vestsida av jarnbanen. Namnet Vålebru bruker ein mest for å unngå blanding mellom tettstaden Ringebu og Ringebu kommune.

Ringebu hadde det første gatetunet i landet, der hovudgata vart stengd for køyretøy og opna for gjengande. Føretaka trekkjer krambuer ut på gata, og det er ofte underhaldning i hovudgata (Jernbanegata). Jernbanegata er seinare bygd om fleire gonger, men har ivareteke gatetunet med forbod for køyrande, fartsdumper og fysiske sjikanar for å redusere på den nødvendige køyringa av vareleveransar, brann- og sjukebilar.

Ringebu Folkehøgskule ligg i tettstaden.

mini|venstre|Ringebu stavkyrkje mini|venstre|Ringebu rådhus Kjende personar frå Ringebu Kåre Bjørgen, forfattar

Sjå òg Ringebu kommune Tettstader i Innlandet

Kjelder

Fotnotar

Bakgrunnsstoff Ringebu kommune Vêrvarsel for Ringebu , yr.no

Kategori:Geografi i Ringebu Kategori:Tettstader i Innlandet Kategori:Kommunesenter i Innlandet