Bishop Rock (kornisk Men an Eskob) er eit lite skjer heilt vest i Scillyøyane. Det står eit fyr på skjeret.

Skjeret har ikkje plass til anna enn det 44 meter høge fyret. Bygginga av det opphavlege fyret starta i 1847, men vart vaska bort før det vart ferdig. Det noverande tårnet stod ferdig i 1858 og vart tent 1. september same år.

Bishop Rock var startpunktet for skipsrutene over Nord-Atlanteren på første halvdel av 1900-talet. Skip som segla raskast (i vilkårleg retning) mellom skjeret og innløpet til Lower New York Bay i USA fekk bere Atlanterhavets blå band for raskast overfart.

Bakgrunnsstoff Trinity House - Bishop Rock

Kjelder

Denne artikkelen bygger på «Bishop Rock» frå , den 25. januar 2010.

Kategori:Fyr i Cornwall Kategori:Øyar i Scillyøyane