Sande kommune vart oppretta 1. januar 1867 ved utskiljing frå Herøy kommune. Frå denne vart Rovde kommune skild ut 1. januar 1905. Noverande Sande kommune vart oppretta 1. januar 1964 ved at Gurskøy-delen av Rovde kommune og tre gardar i Leikanger sokn i Herøy kommune vart slegne saman att med Sande kommune.

Ordførarar i Sande 1867-1904 År Namn Yrke 1867-1870 Knut R. Bjørlykke Klokkar/lærar 1871-1880 Bendt Redse Lærar og kommunekasserar 1881-1898 Rasmus K. Sætre Bonde 1899-1904 Daniel Liset Lærar

Ordførarar i Rovde 1905-1963 Rovde kommune vart oppretta 1. januar 1905 ved utskiljing frå Sande kommune. År Namn Yrke 1905-1922 Daniel Liset Lærar 1923-1932 Emil Indresøvde Disponent 1932-1941 Anders Søvdsnes Bonde 1942-1945 Paul Hageselle (utnemnd) Bonde 1945 Anders Søvdsnes Bonde 1946-1959 Rasmus Torset Bankrevisor 1960-1963 Ola Vedeld Bonde

Ordførarar i Sande 1905-1963 Etter kommunedelinga 1. januar 1905 omfatta Sande kommune soknene Gursken, Sande og Åram. År Namn Yrke 1905-1919 Hans Aaram Bonde 1920-1922 Ole S. Dyrkoren Klokkar/lærar 1923-1937 August Kragset Bonde og handelsmann 1938-1941 Jakob Sætre Bonde/fiskar 1942-1945 Oskar Sandanger Bonde og handelsmann 1945-1947 Jakob Sætre Bonde/fiskar 1948-1952 Sverre Myklebust Disponent 1952-1955 Torvald Baade Bonde 1956-1957 Sverre Myklebust Disponent 1958-1963 Petter H. Kragseth Bonde

Ordførarar i Sande 1964- Rovde kommune vart delt 1. januar 1964, slik at Rovdestranda på fastlandet vart lagd til Vanylven kommune medan Dalebygda og Skredestranda på Gurskøya vart lagde til Sande kommune. 1. januar 2002 vart fastlandsdelen av Sande, med Åram, Brandalstranda og Hakallestranda, overført til Vanylven, og Sande har sidan vore ein rein øykommune. År Namn Yrke 1964-1975 Petter H. Kragseth Bonde 1976-1981 John Gjerde Disponent 1982-1983 John Martin Bringsvor 1984-1987 John Gjerde Disponent 1988-2003 Arne Dyrhol 2003-2007 Jon Garen 2007-2019 Dag Vaagen 2019- Olav Myklebust

Sjå også Ordførarar i Herøy i Møre og Romsdal

Kategori:Folk frå Sande i Møre og Romsdal Kategori:Folk frå Vanylven Kategori:Ordførarar i Sande i Møre og Romsdal